Midgard

For J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, sjå Middle-earth.
Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer Midgard i midten
Yggdrasil held verda oppe, Midgard i midten kviler på røtene av treet

Midgard (norrønt Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam.[1] Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.

Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her nyttast ordet Midjungard, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet. På gamalengelsk er omgrepet Middangeard, som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Vi får tru at ordet tyder på ein sams grunnleggjande verdsoppleving for dei germanske folka.

  1. «Midgard» i Store norske leksikon, snl.no.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search