Natalie Cole

Natalie Cole

Cole i 2007
Fødd6. februar 1950(1950-02-06)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død31. desember 2015 (65 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnNatalie Maria Cole
OpphavUSA
Aktiv1956–2015
Sjanger
InstrumentVokal
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • skodespelarinne
MorMaria Cole
FarNat King Cole
PrisarGrammy Award for beste nye artist, MusiCares Person of the Year, Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Ladies' Home Journal Women of the Year, Ellis Island Medal of Honor

Natalie Maria Cole (6. februar 195031. desember 2015) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og skodespelarinne. Ho var dotter av den amerikanske songaren og jazzpianisten Nat King Cole. Ho fekk suksess på midten av 1970-talet som R&B-songar med hitane «This Will Be», «Inseparable» (1975) og «Our Love» (1977). Ho vende tilbake som popsongar på albumet Everlasting frå 1987 og versjonen hennar av Bruce Springsteen sin «Pink Cadillac». På 1990-talet song ho tradisjonell pop av far sin, noko som resulterte i hennar største suksess, Unforgettable... with Love, som selde over sju millionar eksemplar og gav henne sju Grammyprisar. Ho selde over 30 millionar plater på verdsbasis.[1]

  1. «The Charlotte Symphony with Natalie Cole». Ovens Auditorium. 13. april 2012. Arkivert frå originalen 16. april 2012. Henta 13. februar 2013. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search