Natur

Utsyn i Jurafjella. Fjell, skog og skyer er typiske representantar for «naturen». Veg, gjerde, bygningar og beiteområde er menneskeskapte.

Natur er eit vidt omgrep som i regelen viser til noko som er i verda og ikkje er forma av menneske. Det kan brukast om opphavlege, gjerne medfødde eigenskapar, som motsetnad til det som er tillært, kunstig eller prega av kultur.

Naturomgrepet er kjend sidan den greske antikken. Dei greske før-sokratikarane blei kalla fysikoi, 'naturforskarar', og brukte ordet fysis om dei iliggjande eigenskapane til plantar, dyr og andre element i verda utviklar på eiga hand. På latin blei det greske omgrepet omsett til natura, som tyder 'fødsel'. I moderne tid er naturvitskap blitt til læra om den fysiske verda og reglane ho følgjer. Samstundes er omgrepet «natur» eller «naturleg» blitt brukt om mange alternativ til moderne kultur, vitskap og teknologi.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search