New age (frå engelsk; ny tidsalder) er ei religiøs strøyming som har utvikla seg i den vestlege verda sidan 1970. New age har ein desentralisert struktur utan ein samlande organisasjon, einskapleg ideologi eller faste doktrinar; og i vid forstand omfattar New age «eit stort tal rørsler og organisasjonar med bakgrunn i ulike former for terapi, yoga, astrologi, okkultisme, sjamanisme og medvitsutvidande teknikkar». Samtidig peiker omgrepet gjerne på «ei generell livshaldning, eit heilskapleg verdsbilete eller ei terapiform, der desse elementa inngår i ulike kombinasjonar».[3]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search