Nord-Korea

조선민주주의인민공화국
Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk

(norsk: Nord-Korea, nordkoreansk)

Det nordkoreanske flagget Det nordkoreanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Achimŭn pinnara»
Motto Ein er viss på å vinne dersom ein trur og stolar på folket[treng kjelde]
Geografisk plassering av Nord-Korea
Offisielle språk Koreansk
Hovudstad P'yŏngyang
Styresett
Sosialistisk Republikk
Kim Jong-un (de facto)
Kim Il-sung (de jure)
Kim Tok-hun
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
120 538 km² (98.)
0,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
25 248 140 (50.)
209,5 /km² (43.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Japan
15. august 1945
Nasjonaldag 9. september
BNP
 – Totalt (2014)
 – Per innbyggjar
 
40 000 mill. USD (109.)
1 800 USD (177.)
Valuta Nordkoreansk won
Tidssone UTC +9
Telefonkode +850
Toppnivådomene Ingen, men .kp er reservert

¹ Kim Il-sung er erklært som «president i all æve», så offisielt er han president i landet. Likevel er Kim Jong-un de facto statsoverhovud i Nord-Korea, og er ofte rekna som presidenten i landet.

Den demokratiske folkerepublikken Korea er eit land i Asia. Det grensar til Sør-Korea, Kina, og Russland.

Nord-Korea (eller offisielt Den demokratiske folkerepublikken Korea, (koreansk Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk, hangul 조선민주주의인민공화국), hanja 朝鮮民主主義人民共和國; ofte forkorta DPRK) opptek den nordlege halvdelen av den koreanske halvøy i austlege Asia. Nord-Korea grensar mot Sør-Korea i sør, og mot Kina og Russland i nord. Nordkoreanarar refererer til sitt eige land som Pukchosŏn («Nord-Chosŏn», 북조선), sjå Korea på koreansk.

Nord-Korea fylgjer Kim Il-sung sin politiske filosofi, juche (sjølvberging), og sidan 1990-talet òg Kim Jung-il sin eigen Songun-politikk (militæret fyrst). Offisielt held dei val, og etter konstitusjonen i landet respekterer dei menneskerettane. Den politiske makta er plassert hjå Det koreanske arbeidarpartiet. Om lag 200 000 nordkoreanarar sit i konsentrasjonsleirar, der ein og familien i tre generasjonar kan verta fengsla og sett til tvangsarbeid; jamvel for dei mest atterhaldne systemkritiske ytringane.[1] Landet prøver å vera sjølvstendig frå andre land, men har hatt store problem sidan stønaden frå Sovjetunionen fall bort i byrjinga av 1990-talet. Landbruksproduksjonen dekkjer ikkje trongen på mat, og dette har ført til svolt fleire stader i landet. [2] Korrupsjon er utbreidd.[3]

  1. «North Korea: Harsher Policies against Border-Crossers» (på engelsk). Human Rights Watch. 05.03.2007. 
  2. «A matter of survival» (på engelsk). Human Rights Watch. 03.05.2006. 
  3. «North Korea Probes Corruption in Investment Agencies» (på engelsk). Radio Free Asia. 30.01.2008. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search