Norske utanriksministrar

UD-bygningen i Victoria terrasse

Den norske utanriksministeren er medlem av regjeringa i Noreg og sjef for Utanriksdepartementet. Saman med statsministeren er utanriksministeren den einaste av regjeringsmedlemmane som har tittelen minister, dei andre medlemmane har tittelen statsråd.

Vedtaket om å opprette Utanriksdepartementet blei gjort same dag som Noreg erklærte at Unionen med Sverige var oppløyst, 7. juni 1905. I unionstida hadde det svenske utanriksdepartementet varetatt utanrikssakene for både Sverige og Noreg. Det norske utanriksdepartementet starta si verksemd den 15. juni 1905. Jørgen Løvland blei den første utanriksministeren. Noreg kunne likevel ikkje sende ut diplomatar, eller på andre måtar opptre som ein utanrikspolitisk aktør, før landet var anerkjent internasjonalt som ein sjølvstendig stat. Anerkjenninga var avhengig av ein formell og reell sanksjon frå Kong Oscar. Inntil denne kom 26. oktober 1905 skulle norske utanriksinteresser framleis bli varetekne av svenske ambassadar og konsulat.

Arbeidet for ein eigen norsk utanriksrepresentasjon (Konsulatsaka) var ei av dei avgjerande konfliktane mellom Noreg og Sverige i dei siste åra til unionen. Historikarane er likevel ueinige om dette i seg sjølv var ei viktig sak for norske politikarar, eller om saka blei brukt som påskot i arbeidet for ei oppløysning av unionen.

Utanriksdepartementet, forkorta UD, handsamar saker vedkomande Noreg sitt tilhøve til framande makter, internasjonale organisasjonar, utanrikshandel, kulturelt samkvem med utlandet og Noreg sitt tilhøve til utviklingslanda. Departementet har sidan opprettinga hatt sine kontor i Victoria terrasse. Staten kjøpte bygget i 1913. Den nyaste delen av kvartalet, mot 7. juni-plassen, blei bygd i 1963.

Utanriksminister Løvland formulerte 28. oktober 1905 det første norske utanrikspolitiske manifestet, av og til kalla Løvland-doktrinen:

«Oppgaven må være å holde oss utenfor deltagelse i de kombinasjoner og allianser som kan dra oss inn i krigseventyr med noen av de europeiske krigerstater»

Halvard Lange er den utanriksministeren som har sete lengst, frå 1946 til 1965, gjennom fire regjeringar, følgt av Knut Frydenlund sine ni år i fire regjeringar. Nils Claus Ihlen sat i sju år, frå 1913 til 1920. Arbeiderpartiet sin utanrikspolitiske troika Knut Frydenlund, Thorvald Stoltenberg og Johan Jørgen Holst etterfølgde kvarandre som ministrar frå 1974 til 1994, avbrote av to borgarlege regjeringar. Utanriksministeren er vanlegvis statsministeren sin stadfortredar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search