Ny-Caledonia

Nouvelle-Calédonie
territorium
Flagg
Emblem
Land  Frankrike
Del av Frankrikes oversjøiske territorier
Hovudstad Nouméa
Areal 18 576 km²
Folketal 278 500 (2017)[1][2]
Regjeringspresident[a] Philippe Germain
Kart
Ny-Caledonia
21°15′S 165°18′E / 21.25°S 165.3°E / -21.25; 165.3
Ny-Caledonia på verdskartet
Ny-Caledonia på verdskartet
Ny-Caledonia på verdskartet
Wikimedia Commons: New Caledonia

Ny-Caledonia (fransk Nouvelle-Calédonie) er eit fransk territorium i Stillehavet, som består av øya Ny-Caledonia, øygruppa Îles Loyauté, og fleire småøyer. Arealet er 19 058 km², om lag som Sogn og Fjordane fylke, og dermed eit av dei større landa eller territoria i Oseania. Folketalet var 240 400 i 2007. Det næraste nabolandet er Vanuatu i nordaust. I vest ligg Australia, 1200 km borte, og i sør, 1500 km borte, ligg New Zealand.

Dei opphavlege ibuarane, av melanesisk opphav, utgjorde i 1998 44,1 % av folketalet. Om lag 34,1 % var av europeisk eller blanda opphav, og over 11 % var polynesiarar frå andre øyer i Stillehavet, som har kome til øyene etter at dei vart franske.

Øyene har vore folkesett i over 3000 år. Dei første europearane kom til området på slutten av 1700-talet, og øya fekk namnet New Caledonia av James Cook i 1774. Øyene var fransk koloni frå 1853 til 1946, etter det fransk oversjøisk territorium fram til 1999. Sidan 1999 har området hatt ein spesiell status innan den franske republikken, medan det pågår ein prosess mot større sjølvstyre.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 "Recensement de la population effectué en Nouvelle-Calédonie en 2014"; utgjevingstidspunkt: 1. februar 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Décret n° 2015-98 du 28 janvier 2015 authentifiant les résultats du recensement de la population effectué en Nouvelle-Calédonie en 2014»; hefte: 27; utgjevingstidspunkt: 1. februar 2015; side(r): 1552.


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search