Offer (norrønt offr) er noko ein gjev frå seg eller gjev opp for eit høgare føremål, ofte til ein guddom men også for ei sak eller for andre. Offer er kjend frå heile verda og frå dei eldste kjende formene for guds- og åndedyrking. Offer kan ha ulike funksjonar, men går ofte ut på å byggja eit godt tilhøve mellom menneske og makter.[1] Dei kan vera forsøk på å æra eller blidgjera ulike makter, soning for synder, vera føreskrivne som daglege ritual eller ved viktige hendingar som fødslar, dødsfall, giftarmål, høgtider eller nye byrjingar eller vitjingar til ein heilag stad.
I ulike samanhengar kan ein ofra ulike goder, som levande vesen, mat og drikke, ting eller pengar.[2] Ein kan skilja mellom offer ut frå kva ein ofrer og korleis det blir ofra, som drikkoffer, grødeoffer, brennoffer og slaktoffer, eller kva føremålet med offeret er, som takkoffer eller syndoffer.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Britannica
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search