Oldtid eller gamletid viser til den eldste tida i historia i europeisk, nordafrikansk og vestasiatisk samanheng.[1] I snever forstand kan «oldtid» visa til den gresk-romerske verda i antikken. I vid forstand tek ein også med dei tidlege sivilisasjonane i Mesopotamia og Egypt.[2]
Det kan visa til tida frå dei eldste kjende samfunna oppstod og fram til folkevandringstida. I europeisk samanheng har ein ofte rekna år 476 som eit skilje mellom oldtida og mellomalderen, ettersom dette var åre då Vestromarriket fekk ein germansk konge.[2] I norsk samanheng viser oldtida ofte til tida før vikingtida.[1]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search