Ordbok

Færøsk Anthologi, den første færøyske ordboka av V. U. Hammershaimb og Jakob Jakobsen.

Ei ordbok er eit oppslagsverk som inneheld eit utval av orda i eit språk eller ein språkvariant. Ho fortel korleis ein stavar orda og gjev gjerne bøyingar, uttalehjelp, eksempel på bruk og ordsoga, eller etymologien, til orda. Ordboka gjev enten ei forklaring av kva tyding ordet har, på same språk, eller, dersom det er ei ordbok mellom ulike språk, ho gjev tilsvarande ord eller eit forklarande uttrykk på det andre språket. Orda i ei ordbok er som regel ordna alfabetisk eller i ei tilsvarande rekkefølge basert på uttale.

Ordbøker kan ha som mål å skildra alle ord som er blitt dokumentert brukte i eit visst språkområde nokon gong, eller kan konsentrera seg om eitt enkelt fagfelt.

Det vert skilt mellom ordbøker og leksikon. Ordbøker fortel om ord og kva tyding dei har, mens leksikon fortel om ting, om kva dei er. Det er òg mogleg å kombinere ordbøker og leksikon i same oppslagsverk, dei blir kalla sakordbøker. Ordlister skil seg frå ordbøker ved at dei ikkje gjev tyding, saksopplysningar eller omsetning av oppslagsorda, men berre oppslagsforma, evt. med grammatisk informasjon. Ordlister er ofte normative, som Svenska Akademiens ordlista över svenska språket, som gjev opplysning om korrekt skrivemåte og bøying av det svenske ordforrådet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search