Orkester

«Waldorf-Astoria Dance Orchestra» i 1924.
Indonesisk gamelan-orkester.
Foto: Giovanni Sciarrino

Orkester er ei større gruppe av instrumentalmusikarar som speler saman. Det skil seg dermed frå frå kor med songarar, og frå mindre instrumental-ensemble og band med færre medlemmer. Storleiken på eit orkester er likevel ikkje fastlagt. Medan symfoniorkester kan ha over hundre medlemmer, finst det grupper kalla «orkester» med så få som fire medlemmer, særleg innan jazz- og dansebandtradisjonane.

Eit orkester kan spela instrumentalmusikk som symfoniar eller akkompagnera solistar. Musikarane kan spela etter noter eller improvisera. Dei blir ofte leia av ein dirigent eller kapellmester, men kan også spela utan leiar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search