Overgangsrite

Ein overgangsrite er ein seremoni som markerer overgangen frå eit stadium i livet til eit anna, gjerne i samband med sosial eller seksuell status. Ein utfører typisk slike ritar i samband med fødsel, pubertet, status som vaksen, giftarmål, overgangsalder, tilbaketrekking frå samfunnslivet og død.

Nokre døme på overgangsritar er omskjering, dåp, konfirmasjon, russefeiring og gravferd.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search