P

Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Bokstaven P (p) er den 16. bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (Π, π) alfabetet. Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. På semittisk heiter bokstaven pe, som tyder «munn» og i den opphavlege biletskrifta har teiknet gjengitt ein munn. Grekarane kalla han pei, seinare pi, og etruskarane og etter dei romarane kalla han pe. Den latinske bokstavforma er påverka av den greske bokstavforma for r. I det eldre runealfabetet er bokstaven sjette rune i andre ætt.

Det greske alfabetet hadde ein særskild bokstav for ph (Φ, φ), med namnet phei eller phi. Frå keisartida vart han uttalt f og fi. I tillegg hadde dei ps (Ψ, ψ), med namnet psei eller psi. Desse var respektive 21. og 23. bokstav i alfabetet. Av Φ utvikla det romerske talteiknet M = 1000 seg, av Ψ talet L = 50.

I norsk er p ein stemmelaus, bilabial lukkelyd, aspirert i framlyd og utlyd, medan han er uaspirert etter s og mellom vokalar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search