Paris

For planteslekta Paris, sjå Firbladslekta.
Paris
hovudstad
Flagg
Symbol
Motto: Fluctuat nec mergitur
('Kasta av bølgjene, ho søkk ikkje')
Land  Frankrike
Region Île-de-France
Del av Île-de-France
Høgd 65 m
Areal 105,4 km²
Folketal 2 145 906 (1. januar 2020)
Første busetnad 4200 fvt.
Tidssone CET (UTC+1)
 - Sommartid CEST (UTC+2)
Postnummer 75001–75020 og 75116
Kart
Paris
48°51′24″N 2°21′08″E / 48.856666666667°N 2.3522222222222°E / 48.856666666667; 2.3522222222222
Wikimedia Commons: Paris

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike, og i tillegg hovudstad i regionen Île-de-France.

Det bur mest 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 12,1 millionar menneske.

Paris har vore som ein fri og opprørsk by. Sidan den franske revolusjonen har han vore åstaden for ei rekke store folkeprotestar mot den franske regjeringa.

Byen var i mange år kjend som ein kunstnarby utan like, og kunstnarar frå heile verda samla seg her. Pablo Picasso og Ernest Hemingway var nokre av desse, medan Edvard Munch og Cora Sandel var norske kunstnarar som vitja byen. I tillegg til kunstlivet var Paris òg lenge kjend som byen med det beste utelivet i Europa, og på grunn av dette er fleire byar med eit påstått liknande folkeliv blitt stempla som «Paris» for den delen av verda dei høyrer til.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search