Polske voivodskap

Polske voivodskap eller provinsar (polsk województwo) har vore den høgaste administrativ inndelinga i Polen sidan 1300-talet. 1. januar 1999 vart 16 nye voivodskap oppretta, som erstatta 49 tidlegare voivodskap som hadde eksistert sidan 1975.

I dag er voivodskapa hovudsakleg basert på dei historiske regionane i landet, medan voivodskapa i 1975-1998 var sentrert rundt og kalla opp etter individuelle byar. Den nye inndelinga har voivodskap i storleik frå under 10 000 km² (Opole-voivodskapet) til over 35 000 km² (Masoviske voivodskap) og frå om lag ein million innbyggjarar (Lubusz-voivodskapet) til over fem millionar (Masoviske voivodskap).

Styret av eit voivodskap er delt mellom ein guvernør utpeikt av regjeringa kalla ein voivode (polsk wojewoda), og eit vald råd kalla sejmik, samt eit styre vald av rådet. Leiaren av styret vert kalla marszałek województwa. Voivodskapa er vidare delt inn i powiat (fylke) og gmina (kommunar).


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search