Potsdam | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Brandenburg | ||
Region | Kreisfri by | ||
Del av | agglomeration of Berlin, Berlin-Brandenburg Metropolitan Region | ||
Høgd | 35 m | ||
Areal | 188,26 km² | ||
Folketal | 187 119 (31. desember 2023) | ||
Først nemnd i | 993 | ||
Postnummer | 14467–14482 | ||
Retningsnummer | 0331, 033208, 033201 | ||
Bilnummer | P | ||
![]() Potsdam 52°24′00″N 13°04′00″E / 52.4°N 13.066666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Potsdam |
Potsdam er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Brandenburg med om lag 190 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Havel sørvest for Berlin, og er ein del av storbyområdet Berlin/Brandenburg.
Potsdam er kjend som tidlegare residens for dei prøyssiske kongane fram til 1918. Byen ligg ved fleire samanhengande innsjøar og eit unikt kulturlandskap, særleg parkane og palassa i Sanssouci, den største verdsarvstaden i Tyskland.
Potsdambydelen Babelsberg er òg ein av dei leiande aktørane innan europeisk filmproduksjon. Filmstudio Babelsberg er av historisk verdi som det eldste storskala filmstudioet i verda. Deutsches Filmorchester Babelsberg spelar ofte filmmusikk for både tyske og utanlandske filmar.
Byen utvikla seg til eit vitskapssenter på 1800-talet. I dag er det tre offentlege universitet og meir enn 30 forskingsinstitusjonar i Potsdam.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search