Ein regnskugge (eller meir nøyaktig ein nedbørsskugge) er eit tørt område på jordoverflata som ligg på lesida av eit fjell i forhold til den rådande vindretninga. Når fuktig luft stig mot toppen av ei fjellrekkje eller eit stort fjell, vil lufta avkjølast og kondensere til regn eller snø. Denne nedbøren fell på sida av fjellet som vender mot vindretninga. Denne prosessen vert kalla orografisk heving. Lufta som så strøymer over på lesida av fjellet og søkk ned er mykje tørrare og gjev som regel ikkje nedbør. Dette skapar eit tørt område på lesida av fjell.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search