Rio de Janeiro

Sjå òg Rio de Janeiro (fleirtyding)
Rio de Janeiro
Kristusstatuen i Rio de Janeiro.
Kristusstatuen i Rio de Janeiro.
Kristusstatuen i Rio de Janeiro.
Flagget til Rio de Janeiro Byvåpenet til Rio de Janeiro
Flagget til Rio de Janeiro Byvåpenet til Rio de Janeiro
Styresmakter
Land
Region
Brasil
Søraust
Delstaten Rio de Janeiro
Grunnlagd 1. mars 1565
Ordførar Marcelo Crivella
Geografi
Flatevidd 1 260,029215 km²
Innbyggjarar
 - By (2022)

14,387,000
Koordinatar 22°54′30″S 43°11′47″W / 22.90833°S 43.19639°W / -22.90833; -43.19639
Høgd over havet frå 0 til 1021 m
Tidssone UTC-03:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.rio.rj.gov.br
Nettstad: www.rio.rj.gov.br

Rio de Janeiro er både namnet på ein delstat søraust i Brasil og namnet på hovudstaden i same delstat. Namnet tyder "Januarelva" på portugisisk.

Byen var hovudstaden i Brasil mellom 1763 og 1960 og hovudstaden i heile det portugisiske imperiet mellom 1808 og 1821. Byen vert som regel berre kalla Rio, og har i tillegg kallenamnet A Cidade Maravilhosa - "Den vidunderlege byen".

Byen er kjend verda rundt på grunn av fleire unike særtrekk: spektakulær natur, den årlege karnevalsfeiringa, samba og andre musikkformer, kjende strender som Copacabana, Ipanema og Leblon, og fortau pynta med svarte og kvite bølgjer. Dei mest kjende landemerka i tillegg til strendene er kristusstatuen Cristo RedentorCorcovado-fjellet, Sukkertoppen, karnevalsbygget Sambodromen, og Maracanã fotballstadion, som er ein av verdas største. Rio har òg den største skogen i verda som ligg innanfor bygrenser, nemleg Floresta da Tijuca, eller Tijuca-skogen.

Om ein inkluderer drabantbyane, er befolkninga på lag 14 millionar. Rio er den nest største byen i Brasil etter São Paulo, og var hovudstad i Brasil fram til 1960, då Brasília vart gjort om til hovudstad. Personar frå Rio vert kalla cariocas.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search