Rochester i Kent

Rochester

Rochesterkatedralen frå Castle Gardens
Rochesterkatedralen frå Castle Gardens
Rochesterkatedralen frå Castle Gardens
Plassering
Rochester i Kent is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Medway
Grunnlagd 43 evt.
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

27 000
Koordinatar 51°23′N 0°30′E / 51.383°N 0.500°E / 51.383; 0.500
Diverse annan informasjon
Postnummer ME1, ME2
Telefon-retningsnummer 0 1634
Commons har multimedium som gjeld: Rochester i Kent

Rochester (Rochester-upon-Medway) er ein liten by i Kent i England. Han ligg ved elva Medway, omkring 50 km frå London.

Rochester mista status som city, og fekk dermed den lågare statusen town under ei omorganisering av lokaladministrasjonen i 1998. Dette vart ikkje oppdaga av styresmaktene før i 2002, og ein venter på at dronning Elisabeth II igjen skal gi han den høgare rangen. Byen har ei lang historie som seier at den skal ha dette; 903 fekk Rochester rett til å prege mynt, eit teikn på høy status, og den første borgarmeisteren vart vald alt i 1461. Fordi han mista statusen sin ved eit uhell vert han framleis omtalt konsekvent som city av innbyggjarane.

Byen utgjer saman med Chatham og Gillingham eit samanhengande urbant område kjent som Medwaybyane, med eit folketal på omkring 250 000. Område på den andre sidan av Medway har lenge vore administrert frå Rochester. Sidan 1998 har dette området vore ei sameint styresmakt.

Det ligg fleire historiske bygg i byen, med Rochester slott og Rochesterkatedralen som dei viktigaste. I sentrum er det fleire bygg frå mellom 1300- og 1700-talet.

Charles Dickens, som budde i nærleiken, var svært glad i byen, og dette vert markert med ein årleg Dickensfestival i juni. På 1980-talet vart det opna eit museum vigd Dickens. Dette vart stengt i 2004, og framtida til det er uviss.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search