Rock

Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll i USA på 1950-talet, og utvikla seg til ei rekkje forskjellige stilartar frå 1960-åra og utover, særleg i Storbritannia og USA.[1][2] Ordet rock heng ordsogeleg saman med det norske gjerningsordet å rugga.

Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, rhythm and blues og country, men òg gospel, tradisjonell pop, jazz og folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengjande og mogeleg å danse til. I følgje Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi.[3]

Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vore spela med eit oppsett av trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire songarar. Det har likevel vore brukt nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk. Som i pop har tekstane ofte romantiske tema, men kan omhandle kva som helst og legg ofte vekk på sosiale og politiske tema. Dominansen av kvite, mannlege musikarar innan rock har ofte blitt rekna som ein av hovudfaktorane som har forma kva tema som er blitt utforska i rockemusikken. Rock har i større grad lagt vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ein autentisitetsideologi enn det popmusikken har.

Seint i 1960-åra dukka det opp ei rekkje undersjangrar av rock, med blandingssjangrar som bluesrock, folkrock, countryrock, ragarock og jazzrock, og mange bidrog til utviklinga av psykedelisk rock, som var påverka av den psykedeliske motkulturen. Nye sjangrar oppstod frå dette miljøet, som progressiv rock, med forsterka kunstnariske element, glamrock, som la vekt på underhaldningsaspektet og den visuelle stilen, og eit mangfald av undersjangrar av heavy metal, som la vekt på kraft, volum og fart. På andre halvdelen av 1970-åra oppstod punkrocken som ein reaksjon på det dei såg som oppblåste, uekte og altfor kommersielle aspekt av desse sjangrane, og skapte ein enkel, energisk musikkform med eit rått uttrykk og tekstar som ofte bestod av sosial og politisk kritikk. Punk var ei inspirasjonskjelde i 1980-åra for utvikling av andre undersjangrar, som new wave, post-punk og til slutt alternativ rock. I 1990-åra byrja alternativ rock å dominere rocken og slo gjennom i form av grønsj, britpop og indierock. Blanding av andre undersjangrar har sidan oppstått, som poppunk, raprock og rap metal, i tillegg til forsøk på å gå attende til tidlegare populære rockesjangrar, som den nye bølgja med garasjerock/post-punk og synthpop i byrjinga av 2000-åra.

Rock har òg omfatta og tent som reiskap for kultur- og samfunnsrørsler, noko som har ført til store subkulturar som mods og rockers i Storbritannia og hippie-motkulturen som spreidde seg frå San Francisco i USA i 1960-åra. På liknande vis utvikla pønkkulturen i 1970-åra seg til dei visuelt særeigne subkulturane goth og emo. Rockemusikken tok etter visetradisjonen med protestsongar og har vore knytt til politisk aktivisme i tillegg til endringar i samfunnshaldningar til rase, sex og dopbruk, og vert ofte sett på som eit uttrykk for ungdomsopprør mot den vaksne konsumerismen og konformiteten.

  1. W. E. Studwell and D. F. Lonergan, The Classic Rock and Roll Reader: Rock Music from its Beginnings to the mid-1970s (Abingdon: Routledge, 1999), ISBN 0-7890-0151-9
  2. sjanger/pop-rock-d20 Pop/RockAllmusic
  3. allmusic - Rock and Roll

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search