Rock and roll

Elvis Presley i 1957. Ein av dei første kvite rock and roll-artistane.

Rock and roll (òg kalla rock ’n’ roll) er ein musikksjanger som oppstod i USA på 1950-talet, og som raskt spreidde seg til resten av verda. Seinare har det sprunge ut svært mange undersjangrar av det som no berre vert kalla rock. Frå midten av 1950-talet til i dag har rock vore ein av dei mest populære musikkformene i den vestlege verda.

Hjarte i rock ’n’ roll er rytme, som i hovudsak er ein boogie-woogie bluesrytme med ein markert backbeat (som oftast eit skarptrommeslag på andre og fjerde taktslag i ein 4/4-takt). Rock and roll vert ofte spelt med to elektriske gitarar (ein sologitar og ein rytmegitar), ein elektrisk bass og eit trommesett. Tangentinstrument er òg ofte brukt. I rock and roll frå tidleg på 1950-talet var saksofonen ofte hovudinstrumentet, men vart bytt ut med gitar på midten av 50-talet. I den tidlegaste forma for rock and roll, på slutten av 1940-talet, var pianoet hovudinstrument, og blant røtene til rock and roll finn ein nettopp boogie-woogie-piano frå storbandperioden som dominerte amerikansk musikk på 1940-talet.

Rock and roll vart svært populært og fekk enorm samfunnsmessig innverknad. Rock and roll var ikkje berre ein musikkstil, men påverka òg livsstil, mote, haldningar og språk. Mange av dei første rock and roll-stjernene, og særleg Elvis Presley, bygde film og/eller fjernsynskarrierar rundt musikken sin.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search