Romansk stil

Romansk dør og bogar i Jakobskyrkja frå 1100-talet i Aubeterre-sur-Dronne i Charente i Frankrike.

Romansk stil eller romansk kunst er eit lite presist kunsthistorisk omgrep som vert nytta om den før-gotiske arkitekturen, skulpturen og biletkunsten i Vest-Europa, og har såleis med ein fase av mellomalderens kunst å gjere. Somme nyttar omgrepet om ein periode som strekkjer seg frå 600 - 700-talet til om lag slutten av 1100-talet. Men det mest vanlege er å avgrense omgrepet til berre å gjelde den arkitekturen, skulpturen og biletkunsten som skriv seg frå 1000- og 1100-talet. I somme høve vert då omgrepa førromansk stil eller førromansk kunst nytta om kunsten frå den eldre parten av den europeiske mellomalderen.

Preikestolen frå 1207 i San Miniato al Monte i Firenze.
Den romanske domkyrkja i Speyer i Tyskland.

Den romanske arkitekturen og kunsten som er teken vare på fram vår tid er hovudsakleg avgrensa til religiøse bygningar, som kyrkjer og kloster og ruinar av slike, og til gjenstandar som har vore eller framleis er knytte til religionsutøvinga. Men somme døme på borgar og slott i romansk stil finst òg, og syner at romansk arkitektur ikkje utelukkande hadde religiøse føremål.

Omgrepet «romansk» om den før-gotiske arkitekturen og kunsten vart introdusert i 1820-åra i det franske arkeologiske og kunsthistoriske miljøet. Meininga med omgrepet var å framheve at det var eit samband mellom arkitekturen og kunsten i det gamle Romarriket og den arkitekturen og kunsten som etter kvart hadde utvikla seg i Vest-Europa i mellomalderen etter at Romarriket hadde falle på 500-talet som fylgje av germanaranes erobringar. Denne utviklinga i arkitektur og kunst vart sett på som parallellen til at dei romanske språka fransk, italiensk og spansk hadde utvikla seg som ei blanding av den folkeleg talte latinen (vulgærlatinen) og dei germanske målføra. Sjølve ordet romansk, som på fransk heiter roman, er eigenleg eit gamalt ord som skriv seg frå det gamalfranske ordet 'romanz' og den folkelege tala latinens 'romanice', og tydar «på romarane sitt vis», som ein motsetnad til frankarane sine sedar og språkbruk.[1]

Sjølv om den romanske arkitekturen i Vest-Europa rett nok har sine felles drag ved å nytte somme element som skriv seg frå den romerske arkitekturen, er det likevel så store variasjonar, både geografisk og over tid, og tildels som følgje av av ulik religiøs praksis og lokal samfunnsordning, at ulikskapane ofte overskygger det som er sams. Dei felles religiøse krava sjølvsagt har stått i sentrum i ein så sentralstyrt organisasjon som den katolske kyrkja, men likevel har lokale byggjetradisjonar og lokale religiøst og verdsleg grunngjevne krav og omsyn gjort sitt til ein stor variasjonsrikdom. Det er soleis mykje som er ulikt mellom slike romanske bygningar som dei norske stavkyrkjene, dei store domkyrkjene på tysk område, og slike kyrkjer som domkyrkja i Pisa i Italia og Sainte-Madelaine i Vézelay i Frankrike, for berre å nemne nokre få døme ut frå eit rikhaldig materiale av ulike bygningar som i kunst- og arkitektursoga karakteriserast som romanske. Romansk stil er såleis ikkje noko heilskapleg, men i røynda ei mengd variasjonar over eit grunnleggjande prinsipp eller ein grunnleggjande idé. Denne variasjonsrikdomen har mellom anna gjeve det utslaget i England at dei innvandrande og erobrande normannaranes variant av den romanske arkitekturen har fått den særskilde nemninga normannisk stil.

Tilsvarande geografisk og kronologisk ulikskap gjer seg òg gjeldande i andre romanske kunstframstillingar, som til dømes biletkunsten og skulpturen. Difor er det ofte nytta omgrep knytt til tidfestinga i staden for stilen, som til dømes den romanske tida eller den romanske perioden for å karakterisere denne kunsten.

  1. Le petit Robert, Paris 1985, side 1726, ISBN 2-85036-066-X

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search