Sediment

Sediment frå Rhône strøymer inn i Genfersjøen

Sediment (av latin sedere, «å sitje») eller avsetjingar er små partiklar som kan verte transporterte av vatn eller eit anna medium, og som med tida legg seg ned på botnen til eit lag med faste partiklar, i vatn eller ei anna væske. Dessutan kan sediment vere lausmassar som er danna på staden ved forvitring. Etter svært lang tid kan sediment verte omdanna til sedimentære bergartar ved diagenese.

Sediment vert danna på eller tett ved jordoverflata som resultat av dei ytre prosessane forvitring, transport og avleiring. Utsjånaden og samansetnaden er avhengig av utgangsmaterialet, det vil seie kva for bergartar som er forvitra, forholda under forvitring, transport og avleiring, og eventuell forandring (diagenese) etter avleiringa.

Sediment kan i tillegg til av vatn (havavsetjingar) også verte avsette og transporterte av vind (eoliske danningar) eller isbrear (glasiale danningar). Sanddyner i ørkenar er døme på eolisk transport av sediment. Morenebankar er istransporterte sediment. Alle sedimenttypane har ulike sedimenteringsfartar, og desse er avgjorde av kornstorleiken, volumet, tettleiken og forma til partiklane, samt viskositeten til vatnet, som varierer med temperaturen.

Sedimenta vert delte inn i klastiske (eller detritale), kjemiske, organiske og vulkanske sediment. Dei klastiske sedimenta er samansette av partiklar frå forvitra, eldre berggrunn, som rullestein, grus, sand, silt og leire, dei kjemiske er felt ut frå stoff som tidlegare har vore oppløyste i vatn (saltavleiringar, nokre typar kalkstein og dolomitt, gips, kiselavleiringar m.m.), dei organiske er torv og nokre typar kalkstein, medan dei vulkanske er tuffitt.

Prosessen der materiale legg seg til ro i eit lag på botnen vert kalla sedimentasjon eller avsetjing. Ordet vert fyrst og fremst brukt om sand og leire i vatn, men det kan også dreie seg om tyngre organiske partiklar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search