Senterpartiet

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Senterpartiet (fleirtyding).
Senterpartiet

LandNoreg
Partileiar(ar)Trygve Slagsvold Vedum
GeneralsekretærKnut Magnus Olsen
Grunnlagt19. mai 1920
HovudkvarterAkersgata
Ungdomsorg.Senterungdommen
Medlemstal19 860 (2022)[1]
IdeologiSjå Verdigrunnlaget
Politisk posisjonsentrisme[2]
Farge         Grøn
Slagord«Vi tror på hele Norge»
Ordførarar
103 / 428
Kommunestyre-
representantar
1 774 / 10 620
Fylkestings-
representantar
80 / 777
Stortings-
representantar
19 / 169

Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1959 endra dei namn til Senterpartiet, etter ei kort tid med namnet Folkestyrepartiet.

Senterpartiet er blant dei klåraste motstandarane mot norsk medlemskap i EU. Dei arbeider for desentralisering av statleg makt, og at økologiske (miljømessige)omnsyn må vere grunnleggande for staten og i samfunnet generelt.

Senterpartiet sat, frå 2005 til 2013, i fleirtalsregjeringa Stoltenberg II saman med Arbeidarpartiet og SV. Regjeringsforhandlingane vart gjort på Soria Moria.

Førre gong Senterpartiet sat i regjering, var det saman med KrF og Venstre i Sentrumsregjeringa. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter å ha møtt stor motstand i Stortinget mot ei miljøsak; gasskraftsaka.

Partileiar i Senterpartiet er Trygve Slagsvold Vedum, som tok over etter Liv Signe Navarsete i 2014. Nestleiarar er Ola Borten Moe og Anne Beate Tvinnereim, som saman med leiaren og generalsekretær Knut M. Olsen, utgjer arbeidsutvalet til partiet.

Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet heiter Senterungdomen, og partiavisa heiter Sentrum. Kvinnerørsla i partiet heiter Senterkvinnene og partiet har eit eige Samepolitisk Råd.

  1. https://www.nettavisen.no/nyheter/skrell-for-senterpartiet-sa-mange-har-forlatt-partiet/s/5-95-891358.
  2. http://ndla.no/nb/node/11473.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search