Sentral-Europa

Sentral-Europa
Alpelanda og Visegrád-gruppa (Politisk kart, 2004)

Sentral-Europa eller Mellom-Europa er regionen som ligg mellom dei svakt definert områda Aust-Europa og Vest-Europa. I tillegg kan Nord-Europa, Sør-Europa og Søraust-Europa delvis avgrense og overlappe Sentral-Europa. Uttrykket vart igjen brukt etter slutten på Den kalde krigen, som hadde delt Europa politisk inn i Aust og Vest, der Jernteppet delte «Sentral-Europa» i to. Definisjonen av Sentral-Europa varierer frå nasjon til nasjon, og har òg endra seg med tida.

Området vert vanlegvis definert som:

Sentral-Europa er meir basert på felles historie enn eit fysisk område, og fram til Den første verdskrigen skilde det Austen, representert ved Det ottomanske riket og Det russiske keisardømet, frå Vesten, og var eit område med relativt konservativ politikk og ein motpart til liberalismen i vest (Frankrike og Storbritannia) og påverknadane frå Den franske revolusjonen. På 1800-talet, medan Frankrike utvikla seg til ein republikk og Storbritannia vart eit liberalt parlamentarisk monarki, der monarkiet hadde svært lite makt, heldt Austerrike-Ungarn og Prøyssen (seinare Det tyske keisardømet) på konservative monarki, der monarken og hoffet hans var ei viktig regjeringsmakt, i lag med noko påverknad frå religion. Etter Den første verdskrigen, og enno meir etter Den andre verdskrigen, forsvann det liberale/konservative skilje mellom Vest og Aust, og vart bytta ut med eit demokratisk/autoritært skilje.

I mange land fall konsept Sentral-Europa bort under Den kalde krigen, overskugga av Aust- og Vest-Europa. I dag vert derimot uttrykket meir og meir brukt igjen.

Det vert stundom sagt at Sentral-Europa er den delen av Europa som vert rekna som Austleg av vesteuropearar, og som vestleg av austeuropearar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search