Slaget ved La Gudiña | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Kongedømet Portugal Storbritannia |
Bourbon-Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
Markien av Fronteira Jarlen av Galway |
Marquis de Bay | ||||||
Styrkar | |||||||
18 000 infanteristar[3] 5 000 kavaleristar[3] |
16 000 infanteristar og kavaleristar[3] | ||||||
Tap | |||||||
4 000 døde, skadde eller tekne til fange[3] 17 kanonar mista[3] |
400 døde eller skadde[3] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved La Gudina eller Slaget ved Val Gudina vart utkjempa den 7. mai 1709 nær Arronches mellom den spanske Bourbon-armeen frå Extremadura under Marquis de Bay og portugisarane og britane under hugenotten jarlen av Galway og markien av Fronteira. Slaget vart eit knusande nederlag for den engelsk-portugisiske armeen, og 4 000-5 000 soldatar mista livet, vart skadde eller vart tekne til fange, medan spanjolane berre mista 400 soldatar.[3]
Den engelsk-portugisiske armeen rykte fram frå Elvas og passerte elva Caya og hadde spanjolane føre seg, kommandert av Marquis de Bay. Dei to armeane møttest den 17. mai på sletta La Gudina. Det portugisiske kavaleriet vart nedslakta etter svak motstand og etterlet dei to engelske infanteribataljonane eksponerte. Desse vart så angripne og vart tvungne til å overgje seg. Henri de Massue, jarlen av Galway, som fekk hesten sin skoten medan han sat på han, klarte berre så vidt å rømme. Resten av den engelsk-portugisiske armeen trekte seg attende i god orden til Elvas, og vart verande der resten av felttoget og den austerrikske faren frå den portugisiske grensa var utsett for ei stund.[1]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search