Slaget ved Schellenberg | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Åtaket på Schellenberg. Detalj frå veggteppe av Judocus de Vos | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
England Dei sameinte Nederlanda Austerrike |
Bayern Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Hertugen av Marlborough Markgreven av Baden |
Comte d'Arco Marquis de Maffei | ||||||
Styrkar | |||||||
22 000[1] | 13 000,[2] 16 kanonar | ||||||
Tap | |||||||
1 342 drepne, 3 699 skadde[3] |
~5 000 drepne eller drukna, ~3 000 kringsfangar[4] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Schellenberg, òg kjend som Slaget ved Donauwörth, vart utkjempa 2. juli 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Slaget var ein del av felttoget til hertugen av Marlborough for å redde hovudstaden i Habsburg, Wien, frå trugselen til den framrykkande kong Ludvig XIV sine fransk-bayerske styrkar i Sør-Tyskland. Marlborough hadde utført ein 400 km lang marsj frå Bedburg, nær Köln, den 19. mai, og i løpet av fem veker hadde han slått saman styrkane sine med styrkane til markgreven av Baden, før dei heldt fram til elva Donau. Då dei var i Sør-Tyskland var oppgåva til dei allierte å få Max Emanuel, Kurfyrsten av Bayern, til å forlate alliansen sin med Ludvig XIV og gå saman med Storalliansen, men for å tvinge fram denne saka, måtte dei allierte først sikre eit befesta bruhovud og eit magasin ved Donau, som dei kunne føre forsyningar over til sørsida av elva, i hjartet av landområda til kurfyrsten. For dette føremålet valde Marlborough byen Donauwörth.
Då kyrfyrsten og hans medkommandant marskalk Marsin fekk vite om målet til dei allierte, sende dei ut Count d'Arco med ein fortropp på 12 000 mann frå hovudleiren i Dillingen for å styrke og halde høgda i Schellenberg oppfor byen. I staden for ein langvarig omleiring, valde Marlborough å gjere eit raskt åtak før stillinga vart umogeleg å innta. Etter fleire mislukka forsøk på å storme barrikadane klarte dei allierte kommandantane med god samhandling til slutt å overta forsvararane. Det tok dei berre to timar å s ikre bruhovudet over elva i ein hard kamp, men det følgjande sigersmomentet gjekk tapt på grunn av vinglande avgjersler. Dei allierte la landområda til kurfyrsten i Bayern aude, men klarte ikkje å få Max Emanuel ut i slag eller overtale han tilbake til keisaralliansen. Først då marskalk Tallard kom fram med forsterkingar for å styrke styrkane til kurfyrsten, og prins Eugene av Savoie nådde fram ved Rhinen for å styrke dei allierte, var alt klart for den avgjerande kampen med slaget ved Blenheim månaden etter.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search