Svartedauden, også kalla digerdauden eller stordauden, var ein zoonotisk pandemisk sjukdom under mellomalderen som i gjennomsnitt tok livet av kvar tredje person i Europa og så godt som alle som vart smitta. Den ålment aksepterte teorien er at svartedauden var eit særs omfattande utbrot av pest.
Pandemien vart i mange delar av Europa nemna med ein ordkombinasjon som inkluderer ordet 'svart (Black Death, Schwarzer Tod, Mort noire). Dette kan vere basert på dei fysiske forandringane som hende når ein person hadde vorten sjuk, anten i form av byllar eller mørke flekker på huda i eit seinare stadium av sjukdommen.
Alle dei tre formene for pest – byllepest, lungepest og blodpest – inntrefte under svartedauden. Døyelegheita av byllepest varierte mellom 30 til 70 prosent, medan pesten i båe dei andre formene var nærare 100 prosent. Dette pestutbrotet byrja i Kina-regionen i 1334 og spreidde seg sakte vestover gjennom handelsvegane som vart etablerte og som var ei sambinding mellom aust og vest. Året 1346 var pesten framme i Egypt og Syria, for deretter å nå Europa gjennom Krimhalvøya. Våren 1347 kom pesten til Konstantinopel og på hausten nådde han Messina på Sicilia, truleg med handelsskip frå Feodosija på Krim.[1]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search