Tbilisi

Tbilisi
თბილისი
by
Land  Georgia
Del av Kartli
Høgd 380–600 m
Areal 720 km²
Folketal 1 118 035 (2014)
Grunnlagd 300-talet
Tidssone MSD (UTC+4)
Kart
Tbilisi
41°43′21″N 44°47′33″E / 41.7225°N 44.7925°E / 41.7225; 44.7925
Wikimedia Commons: Tbilisi

Tbilisi (georgisk თბილისი, også kjend under det tyrkiske namnet Tiflis) er hovudstaden og største byen i Georgia. Byen ligg i dalen der elva Mtkvari (Kura) renn, aust i landet. Han har har om lag 1,1 millionar innbyggjarar.

Byen vart hovudstad i landet på 300-talet under Vakhtang Gorgasali, den georgiske kongen av Kartli (Iberia), og er eit viktig industrielt, sosialt og kulturelt senter i Kaukasus. Byen ligg strategisk til mellom Europa og Asia, langs den historiske Silkevegen. Tbilisi har derfor mange gonger skifta herskarar, noko ein kan sjå igjen i den varierte arkitekturen.

Byen har vore heim til folk av forskjellige kulturar, religionar og etnisitet, og som ein ortodoks kristen by er Tbilisi ein av få stader i verda der ein synagoge ligg ved sida av ein moske. I nyare tid har Tbilisi vorte kjend for den fredlege roserevolusjonen etter eit forfalska parlamentsval i 2003, der den georgiske presidenten Eduard Sjevardnadse måtte gå av.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search