Tidssone

Tidssoner er tenkte soner på jorda der klokka er den same fordi ein er komen om lag like langt i døgeret. I tillegg til jordrotasjonen blir tidssonene òg fastsette ut frå landegrensene, slik at dei fleste land bruker éi felles tidssone. Hadde ein følgd dei rette linjene på kartet slavisk, hadde nesten heile det norske Vestlandet vore i den britiske tidssona.

Tidssoner
Tidssoner

Fordi jorda roterer rundt sin eigen akse, vil det aldri vere det same tidspunktet på dagen over heile kloden. Dette er løyst ved å dele jorda opp i 24 tidssoner. Til dømes er klokka fire i Oslo, når ho er tre i London.

Tidssonene fylgjer tilnærma kvar 15. meridian. Dei fleste landa fylgjer berre ei tidssone, sjølv om dei dekkjer fleire meridianar. Kina, Russland og USA har interne soneinndelingar. I Europa har Asorane (Portugal) og Kanariøyane (Spania) ei anna tidssone enn fastlandet.

Koordinert universaltid (UTC) vert ofte nytta for å gje tidssoner.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search