Tom Petty and the Heartbreakers

Tom Petty and the Heartbreakers

Tom Petty and the Heartbreakers i Indianapolis 23. juni 2006
OpphavGainesville i Florida i USA
Aktiv1976 til i dag
SjangerRock, heartland rock, bluesrock, hardrock
Tilknytte artistarMudcrutch, Traveling Wilburys, Blue Stingrays, Jeff Lynne, Stevie Nicks
PlateselskapShelter, Backstreet, MCA, Warner Bros.
MedlemmerTom Petty
Mike Campbell
Benmont Tench
Ron Blair
Scott Thurston
Steve Ferrone
Tidlegare medlemmerStan Lynch
Howie Epstein
Dave Grohl
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Tom Petty and the Heartbreakers er eit USA-amerikansk rockeband frå Gainesville i Florida. I 1976 var den første besetninga til bandet Tom Petty som vokalist og gitarist, Mike Campbell som sologitarist, Ron Blairbass, Stan Lynchtrommer og Benmont Tenchklaverinstrument. Bandet har i stor grad halde seg til denne besetninga, med nokre få unntak. I 1982 var Blair lei av turnélivet og slutta, og vart erstatta av Howie Epstein, som var med bandet dei neste 20 åra. Blair kom attende til the Heartbreakers i 2002, året før Epstein døydde. I 1994 slutta Lynch i bandet, og vart erstatta av Curt Bisquera og Steve Ferrone.

Tom Petty and the Heartbreakers var fremste rekkje for heartland rock-rørsla, i lag med artistar som Bruce Springsteen og Bob Seger, som oppstod seint i 1970-åra og 1980-åra. Sjangeren unngår synthesizer-basert musikk og moteelement som vart populære i 1980-åra, som synthpop og New Romanticism til fordel for ein meir beintfram klassisk rock-stil og forteljande tekstar om arbeidarsaker. Petty and the Heartbreakers er kjend for hitsinglar som «American Girl», «Breakdown», «The Waiting», «Learning to Fly», «Refugee» og «Mary Jane's Last Dance». Sjølv om heartland rock-rørsla rann ut i sanden i 1990-åra, var bandet framleis aktivt og populært. Dei turnerer framleis og speler inn album. Det nyaste albumet, Hypnotic Eye, kom ut den 25. juli 2014.[1] Tom Petty and the Heartbreakers har seld meir enn 80 millionar plater verda over, og dei er derfor eit av dei bestseljande banda gjennom tidene.[2]

Sjølv om dei fleste songane deira vart framførte som «The Heartbreakers», har Petty gjeve ut tre soloalbum, mellom anna det suksessrike Full Moon Fever i 1989. Med på desse soloplatene har fleire medlemmar av bandet medverka som studiomusikarar.

  1. «Tom Petty Announces 2014 Tour, Release Date for ‘Hypnotic Eye’». UltimateClassicRock.com. 
  2. Reporter, Belper News (30. januar 2013). «Top talent at The Flowerpot». Belper News. Arkivert frå originalen 4. mai 2013. Henta 8. mars 2015. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search