Tornado

Tornado i Wisconsin, USA, 2005.
Ein okkludert mesosyklon-tornado.

Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå cumulonimbusskyer (toreskyer), eller i sjeldne tilfelle cumulusskyer, og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synlege som ei smal, trektforma sky, der den smale enden av «trekta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.

Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 50 m/s (175 km/h), er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 130 m/s (480 km/h), vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar.

Dei har vore observert på alle kontinent utanom Antarktis, og ein stor del av dei kraftigare tornadoane oppstår i USA på grunn av den unike topografien og vêrforholda som gjev gode vilkår for utvikling av tornadoar her. Storbritannia er det landet som i snitt har flest tornadoar i løpet av eit år, men desse er som regel små og relativt ufarlege. Sambandsstatane kjem på andreplass (sjå Klimatologi). Andre delar av verda som jamleg har tornadoar er Australia, sørlege område av det sentrale Canada, Nordvest-Europa, austlege og sørlege område av det sentrale Asia, austlege delar av det sentrale Sør-Amerika og det sørlege Afrika.

Ordet «tornado» kjem av det spanske ordet tronada som tyder 'torevêr', og som opphavleg vart brukt i Nord-Afrika om dei sterke vindbyene som ofte følgde slike uvêr. Tronada kjem igjen av det latinske ordet tronar, tore. Andre ord for tornado er trombe (ofte om høvesvis svake tornadoar) og skypumpe (tornado som oppstår over vatn). Men desse orda vert ofte brukte om kvarandre.
       Ein støvkvervel er ein kvervelvind som motsett ein tornado vert utvikla frå bakken og opp, og som ikkje heng saman med nokon cumulus eller cumulonimbus. Støvkvervlar er oftast relativt små og svake.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search