Trommesett

Trommesett.
Simon Phillips frå gruppa Toto speler på eit stort trommesett.

Eit trommesett (tidlegare kalla batteri) er ei samling trommer, cymbalar og eventuelle andre perkusjonsinstrument som er sett opp for å bli spelt av ein enkelt musikar. Trommesettet vert mest nytta innan moderne sjangrar som jazz og rock.

Trommesettet har vanlegvis ein eller fleire basstrommer (spelt med pedalar), skarptrommer og tamtamtrommer. Cymbalane kjem i ulike storleikar og vektklassar, og kan grupperast som «hihat», «ride», «crash» og «effektcymbalar». Hihat er eit sett med to cymbalar vende mot kvarandre. Desse vert monterte på eit eige stativ som gjer det mogeleg å slå cymbalane mot kvarandre ved hjelp av ein pedal.

I 1970-åra vart dei første elektroniske trommene tekne i bruk i progressiv rock. Desse har i dei seinare åra gått gjennom ei rivande utvikling. Det vert no selt mange elektroniske trommesett, med trykksensitive motstandar og lydar tilsvarande dei i akustiske trommer. Lydane er syntetiserte lydar eller opptak, lagra i ein digital trommemodul. Den same teknologien vert også nytta for å «trigge» akustiske trommer ved hjelp av sensorar som registrer slag på trommeskinna.

Det er stor variasjon i korleis ein nyttar trommesettet i ulike sjangrar. Både utvalet av trommer og cymbalar og stemminga av trommene vil vere ulikt frå stilart til stilart. I rock vert gjerne trommene stemt djupt. Basstromme og skarptromme står langt framme i lydbiletet, og markerer pulsen i musikken. Hihat og ridecymbal vert gjerne nytta for å skape stabile, repetative rytmefigurar, medan crash og effektcymbalar (t.d. «china» og «splash») vert meir brukt for aksentueringar. I akustisk jazz (særleg bebop og liknande stilartar) vert trommene tradisjonelt stemt lysare, og dei vert i mindre grad nytta for å markere pulsen.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search