Universitetet i Leipzig

Universitetet i Leipzig


MottoAus Tradition Grenzen überschreiten
Grunnlagt2. desember 1409
RektorEva Inés Obergfell
StadLeipzig
Studentar31 088 (2020)
Tilsette5 300 (2018)
MedlemskapDeutsches Forschungsnetz, ORCID
Nettstadhttps://www.uni-leipzig.de/ (tysk, engelsk)


Universität Leipzig er eit av dei eldste universiteta i Europa, grunnlagt i 1415 av pave Aleksander V. Det hadde opphavleg fire fakultet, men har i dag 14 fakultet. Det medisinske fakultetet, som er over 600 år gammalt, er eit av dei mest velrenommerte. Det er det nest største universitetet i Sachsen.

Historisk vart personar tilknytte universitetet inndelt i ulike «nasjonar» kor dei kom ifrå: Den meissiske, den saksiske, den bayerske og den polske. Den store norske matematikaren Sophus Lie var professor ved universitetet i Leipzig.

Under DDR-perioden 1949–1989 heitte universitetet Karl-Marx-Universität.

Hovudbygningen til universitetet ved 500-årsjubileet i 1959.
Det såkalla City-Hochhaus vart bygd 1968–1972, og var hovudkvartera til universitet fram til tusenårsskiftet. No husar bygget Mitteldeutscher Rundfunk og leilegheiter.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search