Vassdrag

Nedslagsfelt. Den stipla linja markerer vasskiljet i nedslagsfeltet.

Eit vassdrag er eit samanhengande system av bekkar, elvar, innsjøar og isbrear, rekna frå sine utspring i skog og fjell og ned til eit felles utløp i havet, ein innsjø eller ei større elv.

Fjellkjeder og andre høgdedrag utgjer ofte eit vasskilje.

Amazonas er det største vassdraget i verda med eit nedslagsfelt på 6 144 727 km², det er ein tredjedel av arealet til Sør-Amerika. Europa sitt største vassdrag er Volga (1 410 994 km²).


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search