Vasskilje

Dei største europeiske vasskilja (raude linjer) som skil dei forskjellige nedslagsfelta (grå område).

Eit vasskilje er ei grense mellom to nedslagsfelt. I eit ås- eller fjellandskap ligg skilje på toppane og ryggane av fjella og åsane, men i flate område eller på høge platå (særleg i myrlendte område) kan skilje vere usynleg.

Vasskilje er viktige geografiske, og ofte òg politiske grenser. Vegar og jernbanelinjer følgjer ofte desse skilja for å minimere stigningsgraden og behovet for bruer.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search