Vestlandet

«Vestland» omdirigerer hit. For fylket i Noreg, sjå Vestland fylke.
Kart over Noreg, der fylka som er rekna til Vestlandet er merkte i raudt.
Geirangerfjorden på Sunnmøre.

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei tre fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Namnet «Vestlandet» blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km²[1] (18,1 % av landarealet i Noreg) med 1 318 398 innbyggjarar[2] (2013, om lag 26 % av folketalet i Noreg). På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Landsdelen er hylla i songen «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.

Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

  1. Statkart.no: Fylkesareal
  2. SSB.no: Folketallsendringer

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search