Vevstol

Japansk vevstol tidleg på 1800-talet.

Vevstol eller berre vev er ei innretning ein kan veva med. Hovudfunksjonen til ein vev er å spenna opp en renning av langsgåande trådar og danne skille slik at ein kan legga inn tverrgående islettstrådar til ein vevnad. Storleiken på vevar varierer frå små rammer ein kan halda i hendene til digre maskininnretningar.

Skjematisk fremstilling av ein vevstol.
1. Varpbom (trådbom) 2. Strekkbom 3. Hovlar 4. Skaft (Hovleskaft) 5. Hestar 6. Vevskei 7. Brystbom 8. Knebom 9. Tøybom (stoffbom) 10. Trøer 11. Vekslar 12. Skiljepinnar 13. Skyttel

Renninga sit fast i vevstolen, i større vevstolar på ein bom der ein kan ha opptil fleire tusen trådar. Kvar tråd blir ført gjennom ein hovel (eller hovold), eit «auge» i ein sterkare tråd, som så heng gruppevis på skaft. Desse skafta er rammer som kan hevast og senkast. Vidare går trådane gjennom den kamliknande vevskeia som fordeler dei regelmessig og held dei fast på ein viss stad under vevinga. Deretter går renninga over brystbommen og til sist inn på tøystokken.

I ein større handvevstol hever og senker ein skafta som held fast renninga i eine enden med eit sett pedalar (trøer), mens mekaniske vevstolar får skaftebevegelsene frå en eksentermaskin eller såkalla dobby (skaftmaskin). Ved jacquard-veving, som ein bruker til meir komplisert mønsterveving, til dømes damask, har vevstolen ikkje skaft, og hovlane er knytte til ein såkalla jacquard, ein maskin som styrer renningstrådane enkeltvis eller i mindre grupper.

Rekonstruert oppstadvev i museet i Hedeby.
Foto: Kai-Erik Ballak

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search