Walisisk

Walisisk
Cymraeg, y Gymraeg
Klassifisering Indoeuropeisk

 Keltisk
  Øykeltisk
   Brittonsk

Talarar walisarar
Bruk
Tala i Storbritannia
Område Wales, (Chubut-Tal i Argentina)
Walisisktalande i alt over 580 000
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Wales
Språkkodar
ISO 639-1 cy
ISO 639-2 wel/cym
ISO 639-3 cym

Walisisk, kymrisk eller velsk er eit p-keltisk språk, og høyrer saman med dei bretonsk og kornisk til den brittonske undergruppa av dei keltiske språka. Det blir snakka i Wales av rundt 580 000 menneske, noko som gjer det til det største keltiske språket. I Wales er walisisk, attmed engelsk, offisielt språk og skulespråk. Det finst to dialektar, ein nordleg og ein sørleg.

Til skilnad frå bretonsk er walisisk svært levande, det blir vidareført til barn som morsmål, og det blir brukt i alle samfunnsmessige situasjonar. Perspektiva for å halde på språket er dermed relativt gode. Walisisk blir snakka i samanhengande område, i nord er dei også i fleirtal, med opptil 70 %. I løpet av dei siste ti åra er den prosentvise delen av talarar konstant, men i absolutte tal er det ein svak framgang. I Wales er det ei eiga folkeforsamling, National Assembly for Wales / Cynulliad Cenedlaethol Cymru, som er aktivt når det gjeld åtgjerder for bevaring av walisisk. Språket fungerer også som eit symbol for walisarar, også for dei som ikkje kan walisisk.

Etter folketeljinga i 2001 snakkar over 20 % av walisarane språket. 7 % av folket oppgav å ha i det minste noko kunnskap i walisisk. Dermed kan vel 70 % av walisarane ikkje forstå walisisk i det heile. At utsiktene til å halde på språket likevel er gode, kjem framfor alt av at engelsk stort sett berre blir funne i byane, mens walisisk blir snakka på store delar av landsbygda. Sjølv om det bur færre menneske på landsbygda, bur mange av dei i heilt walisiskspråklege samfunn.

I tillegg til i Wales blir walisisk snakka i Chubutdalen i den argentinske provinsen Chubut i Patagonia.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search