Komponist

Den danske komponisten Dietrich Buxtehude (1637–1707)

Ein komponist er ein som lagar musikkstykke. Ofte tenker ein på komponistar som ein som skriv musikk innanfor den vestlege kunstmusikktradisjonen («klassisk musikk»), men det finst komponistar innan alle sjangrar.

Som regel vil komponisten skriva ned komposisjonane sine i ei eller anna form for noter. Slik skil han seg frå ein utøvande musikar som lagar ny musikk gjennom improvisasjon. Innan musikkulturar som ikkje bruker noter, derimot, er ein komponist den som først speler eit stykke og lærar det vidare til andre.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search