Progressiv rock

Progressiv rock (ofte berre kalla prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra og som i følgje allmusic var «eit hovudsakleg britisk forsøk på å ta rockemusikk til nye kunstneriske nivå.»[1] Uttrykket «kunstrock» vert ofte nytta om ein annan med progressiv rock, men dei to sjangrane er ikkje identiske.[1]

Progressive rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken[1] ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige, abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema.[1]

Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra,[1] i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder.

Sjangeren har vorte nytta om band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer. Progressiv rock vart mest utbreidd på midten av 70-åra. Sjølv om progressiv rock nådde ein topp i 1970- og tidleg i 1980-åra, har neo-progressive band halde sjangeren relativt populær etter dette.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Prog-Rock/Art Rock». AllMusic. 2007. Henta 17. september 2008. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search